I ver og vind-logo

Hei kollikokk!

SKOGSMULLE PÅ NORSK.

1.    Korleis kom Skogsmulle til Noreg? Bakgrunn for den norske verksemda - Idealismen:

Ein del friluftsinteresserte småbarnsforeldre starta i 1987 opp Hjellbakkane barnehage, med Berit Koen som styrar. Barnehagen si pedagogiske målsetting var tufta på friluftsliv, og i vedtektene for barnehagen står følgjande:

Å fremje fysisk aktivitet UTE I NATUREN ÅRET RUNDT, fordi:

-    stimulering gjennom sansane og fysisk utfalding er av avgjerande betydning for barna sin totale utvikling
-    naturopplevingar i førskulealderen
-    fremjar interesse for naturen
-    skaper positive haldningar til naturen
-    fremjar forståing for samanhengar i naturen
-    gir varige interesser for å ferdast i, og ta vare på naturen.

Gjenom høgskulelektor Asbjørn Flemmen, verdskjent leikpedagog fekk Berit kontakt med Gösta Frohm. Han formidla vidare kontakt med Siw Linde og Susanne Drougge, som i Sverige hadde starta opp Mulleborg barnehage.

Hjellbakkane barnehage hadde samarbeid med Høgskulen i Volda i høve utvikling av pedagogiske metodar for barn og friluftsliv, og i mai 1988 var representantar frå Hjellbakkane og Høgskulen på studietur til Mulleborg og Friluftsfrämjandet. Her vart det etablert personleg kontakt med Siw og Magnus Linde og Gösta From.

Samarbeidet mellom Hjellbakkane og Høgskulen i Volda vart støtta økonomisk av Barne og familiedepartementet, då dei kom med i eit prosjektet ”Forsøk med pedagogisk tilbud til 6-åringer”. Resultatet av dette prosjektet vart boka ”Naturstudier, friluftsliv og miljøvern” og videoen ”Barneskogen”, som vi vil presentere i symposiet.

Ved denne studieturen fekk representantane frå Volda presentert ”Skogsmulle”, og dei vart begeistra for denne barna sin venn i naturen. Det vart då bestemt at vi skulle få til Skogsmullekurs i Volda.

Sommaren 1988 var familien Koen Lundberg på Fjällfinakurs i Storlien, der både Skogsmulle, Fjällfina og Laxe vart presenterte som ”pedagogiske hjelparar” i høve barn og friluftsliv.

I 1989 vart det så halde Skogsmullekurs for barnehagetilsette og lærarar i Volda, der spesielt Gösta Frohm var ein inspirerande frontfigur for å spreie ideen om Mulle. Stina Johansson og Karin Byström var også med som leiarar.

Etter dette vart ideen om å ta opp Skogsmulle i Norge fødd. Basen var altså Hjellbakkane barnehage, med styrar Berit Koen som den drivande krafta. Lokalt i Volda vart Skogsmulle tatt opp i Sollia barnehage, der Hildegunn Wiik var drivkrafta, og i Trollsletta, der Rune Humberset er styrar.

Kontakta mellom familiane Koen Lundberg i Noreg og familien Linde og Gösta Frohm i Sverige utvikla seg vidare også på det personlege plan, og dette vart då også bakrunnen for at det i Volda vart starta opp lokalavdeling av Friluftsfrämjandet i Volda, ”Friluftsforeninga Volda” i 1991 (www.friluftsforeninga-volda.com), med Per Ernst Lundberg som leiar (ordförande). Han er gift med Berit Koen.

Med bakgrunn i Hjellbakkane barnehage og Friluftsforeninga Volda vart Berit Koen ettertakta som foredragshaldar og inspirator for andre barnehagar og skular som emna på barn og friluftsliv. Ho reiste då rundt i landet og heldt foredrag og praktiske kurs. Etter kvart fekk ho med seg Christer Lundberg Nes, som tidlegare hadde vore praktikant i Hjellbakkane barnehage, og hadde utdanna seg vidare i biologi og friluftsliv. Berit fekk Gösta Frohms Stipendium i 1994 for sitt arbeid.

Lokalt i Volda vart det i regi av Friluftsforeninga Volda oppretta barnegrupper (Skogsmulle, Strövar og Frilufsar). Vi hadde leiarkurs, og for det meste var det studentar ved Høgskulen som vart rekrutterte. Berit, Hildegunn, Christer og Per Ernst var også leiarar for sine grupper.

Tanken om å spreie og halde vedlike ”trykket” om friluftsliv i barnehage og skule var framleis stor, og det var trong om kurs og praktiske idear for tilsette. For å ha eit haldepunkt og eit nettverk vart så Barnehageforeninga I Vêr og Vind oppretta. Dette vart då ein systerorganisasjon til I Ur och Skur. Målet med IVV var å spreie kunnskap og idear om temaet, samt å vere ein idebank for medlemane.

2.    Drift og tiltak 1990-2002:

IVV-posten vart bindeleddet mellom medlemane og basen i Volda. Det viste seg at det var stort behov for idear og praktiske tips. Problemet var å få tilbakemelding og idear inn att frå barnehagane. Såleis følte vi i Volda at vi berre gav, men fekk lite tilbake. Det var opp i mot 50 medlemer i IVV frå heile landet

I fleire år klarte vi å halde opp aktiviteten med barnegrupper på fritida, men etter kvart som ideen om friluftsliv for barn vart implementert i skule og barnehagekvardagen, fall grunnlaget for barnegrupper på fritida meir og meir bort. Samstundes vart eldsjelene utbrente, og det vart problem med rekruttering av leiarar. Men all aktivitet i denne tida er dokumentert med rapportar etter gruppene sine aktivitetar vår og haust. Eksempel på dette vert lagt fram på vår stand.

Berit slutta i Hjellbakkane og starta med 6-åringar i skulen. Framleis glødd på ideen om Skogsmulle heldt ho fram med barn og friluftsliv i Øyra skule. Ho fekk innført ein utedag pr. veke for alle elevane i 1. – 4.klasse. Her kom dei også inn i eit EU-prosjekt, Comenius, der dei samarbeidde med skular i Østerrike og i Sverige. Svenske Marianne Silfver, lærar og Främjar frå Hagaström skola i Gävle, var saman med Berit pådrivar for å få presentert Skogsmulle i Østerrike.

I Hjellbakkane tok Vigdis Sande Paulsen over som styrar etter Berit, og ho hadde vore med frå starten og dreiv aktivitetane vidare i same ånd. Vigdis følgde etter Berit til Øyra skule og heldt også fram med Skogsmulle her.

Då ideen om Skogsmulle var ny i Noreg, søkte vi og fekk økonomisk støtte frå Direktoratet for Naturforvaltning og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Såleis fekk vi midlar til å kjøpe ein del utstyr, trykke opp informasjonsbrosjyre samt drive ein del kurs for lærarar og barnehagetilsette i Møre og Romsdal.

Frå Friluftsfrämjandet i Sverige og privatpersonar fekk vi Mulledrakt. Lokalt er det leiaren i Friluftsforeninga, Per Ernst,  som har rolla som Skogsmulle. Han og Vigdis har alternert i denne rolla gjennom –90 talet.
 
Eit av problema våre har vore at vi har mangla ei linking mot ein landsomfattande organisasjon, som t.d. Friluftsfrämjandet. Då friluftsliv har lange tradisjonar i Noreg (sjå nedanfor), er det mange organisasjonar som driv denne type verksemd. Og då å kome med noko nytt, som til og med er Svensk, det er ikkje lett.  Andre organisasjonar har då også sine eigne pedagogiske hjelparar, som t.ex.:
Naturvernforbundet: ”Blekkulf”
Friluftslivets Fellesorganisasjon: ”Vettene”
Enøk-sentera: ”Eddis”

Då Friluftslivets Fellesorganisasjon ville omsette Årstidshefta frå Friluftsfrämjandet, ville dei ikkje ha med Skogsmulle. Dette viser at i Noreg skal vi ha vårt eige !

Elles så er det også faglege konflikter mellom ressurspersonar/grupper på ymse felt, der sterke krefter får det som dei vil medan små organisasjonar og einskildpersonar utan større organisasjonar i ryggen slit seg ut.
 
Før vi går over på status i dag, vil vi gje ei kort orientering om overordna satsing på friluftsliv i Noreg.

3.    Friluftslov av 1957 - læreplanar m.m..

Allemannsretten er eit gratis fellesgode. Retten er tufta på hensynsfull opptreden i høve grunneigarar, andre brukar og miljøet.  Allemannsretten gjeld først og fremst utmarka. Den norske nasjonalforsamlinga, Stortinget, vedtok i 1957 lov om friluftsliv, der allemannsretten vart lovbestemt. Noreg er etter det vi veit det einaste landet i verden der allemannsretten er lovbestemt.

I tråd med dette er også då friluftsliv eit statlege satsingsområde. Barn og friluftsliv er ei særsatsing, då dette er teke inn i læreplanar for skule og barnehage. Læreplanane er ganske eksakte i kva elevane skal få oppleve og lære seg innafor miljøarbeid, naturopplevingar  og friluftsliv. Lokale læreplanar i den enkelte skule og barnehage skal baserer seg på lokale føresetnader: t.d. kyst, fjord, skog, fjell osv.

Såleis er dette med friluftsliv og miljø innarbeidd i barnehage og skule, men graden av aktivitet er framleis avhengig av entusiasmen til den einskilde lærar/førskulelærar.

4.    Kvar står vi og kvar går vi ?

I dag har vi eit fyrtårn lokalt, og det er Trollsletta barnehage, som aktivt brukar Skogsmulle som pedagogisk hjelpar i det å motivere barn til miljø og friluftsliv. Skogsmulle er på besøk i skogen til Trollsletta kvar vår og haust.

Ressurspersonane Berit og Vigdis er for tida ute i permisjon frå jobbane i Øyra skule, og dermed er Skogsmulle lite aktiv der. Hjellbakkane driv friluftsliv, men ikkje så mykje ved hjelp av Mulle lenger.

For tida er Barnehageforeninga I Vêr og Vind stilt i ”kvild”, då ressurspersonane har behov for å ladde batteria. Men dagens teknologi gjer at vi så snart det er mogleg, menneskeleg og praktisk, vil prøve å reaktivisere IVV ved hjelp av Internett og eigne websider. På denne måten vil det vere lettare å kunne kommunisere bodskapen og også lage eit nettverk elektronisk.

Christer, som driv sitt eige kompetansefirma innan friluftsliv, Sunalp, har også oppdrag for Friluftsrådet for Ålesund og omland, der han spesielt arbeider med opplegg for friluftsliv i skule og barnehage (sjå www.sunalp.no).

Berit arbeider no som pedagogisk rådgjevar ved Enøk-senteret i Møre og Romsdal, der den overordna målsettinga er å få miljømedvitne barnehagar og skular.

I Friluftsforeninga driv vi no med ”vaksenopplæring” i friluftsliv: turgruppe vår og haust, og skiaktivtetar for damer (Telemark og snowboard) om vinteren. På denne måten vonar vi at dei vaksne blir motiverte til å ta med borna sine på tur i alle årstider.

5.    Konklusjon:

Barn og friluftsliv er statleg satsingsområde. Nasjonale og lokale læreplanar oppfordrar til dette, men alt er avhengig av ressurspersonar i den enkelte skule og barnehage. Om vi ikkje har klart å spreie Skogsmulle til alle, så er det svært mange som driv med denne type tiltak, basert på lokale føresetnader.

Målet er vi samde om: ”Friluftsliv for alle, året rundt”, men vegane og metodane for å nå det kan vere forskjellig. Og kanskje skal dei vere forskjellige............

Takk for at de høyrde på !



Senast uppdaterad: den 13 januari 2006.